Det store forbruket av solkrem og vindvifter har vore fråværande so langt denne sommaren. Heller ikkje har eg måtte skylle badeshortsen min for saltvatn så mange gonger, faktisk har eg ikkje gjort det enno denne sommaren...........
På bilda under ser ein utsikten vi har hatt frå hytta i dag. Skodda har lege tung nedover fjellsidene og det har dryppa jamt frå oven. Men nokon tykkjer det er stemningsfullt med slikt vær òg....!
Men sjølv med gråvær og og litt regn, let vi ikkje være å ta ein tur på sjøen for å fiske her i gården, nei ! Med regnklær og gummistøvlar, tok vi turen på den blek-stille Brufjorden. Og sjølv om ikkje fangsten vart den heilt store, var vi alle einige om at det hadde vore ein flott tur på sjøen...... i dag òg :)