21 juli 2010

Gråvær

Det store forbruket av solkrem og vindvifter har vore fråværande so langt denne sommaren. Heller ikkje har eg måtte skylle badeshortsen min for saltvatn så mange gonger, faktisk har eg ikkje gjort det enno denne sommaren...........
På bilda under ser ein utsikten vi har hatt frå hytta i dag. Skodda har lege tung nedover fjellsidene og det har dryppa jamt frå oven. Men nokon tykkjer det er stemningsfullt med slikt vær òg....!




Men sjølv med gråvær og og litt regn, let vi ikkje være å ta ein tur på sjøen for å fiske her i gården, nei ! Med regnklær og gummistøvlar, tok vi turen på den blek-stille Brufjorden. Og sjølv om ikkje fangsten vart den heilt store, var vi alle einige om at det hadde vore ein flott tur på sjøen......  i dag òg :)



16 juli 2010

Sommar...... og jordbær :)

Raude, saftige og søte jordbær høyrer sommaren til, òg på hytta. Den lille åkeren til mamma Tone har tydeleg fått godt stell i vår og sommar, der jorbærplantane har vokst seg kraftige og store. Og dei raude bæra er gode, dei......

I desse dagar er det full blomstring i rosebedet her ute mot havet, og det ser jammen ut som dei trivast her like godt som vertskapet !


15 juli 2010

Ferietid, hytteliv og bading !

Endeleg kom det litt sommar til oss på hytta. Sjølv om  temperaturmålaren på hytteveggen ikkje viste meir enn vèl 20 grader celsius, vart temperaturen so pass at ein badetur, og to, med båten til "Svortevikstranda" måtte til.


 
Hopp og sprett på Svortevikas "Playa", og på leit etter skjell og krabber.......
....... og krabber var det flust av !




                                        Ein flotte sol- og badedag ebbar ut, og den siste dukkerten vart gjennomført då klokka passerte 21.00 !

Ein varm dag i Juli !

Denne søndagen i starten av Juli bikka gradestokken 27 grader, og vi fekke ein føling med korleis sommaren kunne bli. Cerina og Markus testa badevatnet på Sanden, og påstod at det ikkje var så fæle kaldt.....!
Men dagen etter var vi tilbake til  den velkjente vestlandssommaren, då temperaturen datt med heile 13-14 grader.

Fiske i Nesvatnet

Det er ikkje berre i fjorden fiskane må passe seg for slukane våre. Ein del småaure har vi også landa i Nesvatnet.




Og litt av fangsten frå fisket i vatnet ser ein her:





05 juli 2010

Fangst

Fin fangst. Tung ? Tja,.... nokre kilo :)



















04 juli 2010

Sommarnatt

Ein båt siglar inn Brufjorden ei stille sommarnatt.
Bildene over, av måneskinnet i ei blek stille Brufjord, er teke på same tid. Med og uten blitz.