13 august 2018

Ein sommar er (snart) over ....

Enno har vi ei veke att av sommarferien, og vi nyt nokre fine dagar på hytta igjen. Men dei varme sommardagane vi hadde tidligare i sommar, er borte vekk.
Nokre fine dagar hadde vi i Trondheim sist veke, då Markus innlosjerte seg på hybel i "bartebyen" og med ny sveis til start på NTNU.

Tøffaste karen i Trondheim ☺

I dag sjøsette vi den nye båten vår, og har brukt mykje av dagen til å testa den ut. 
Godkjent 👍
Elles har Gunnvor vore utom på besøk i dag, og Tone har laga kortreist og sjølvfiska middag. Både lyr og aure stod på menyen ☺

Cerina i farta 😀

Gjengen på tur 😀






29 juli 2018

Villbringebær, krabbe og bading

Det vart nok ein dag der gradestokken viste over 30°c. Heldigvis vart det litt meir skya i dag, men alikevel heitt nok 😰
Det er utrulig mykje villbringebær i år, store og søte. I dag plukka vi ca 5 kg på kort tid, før sola tok til å steike🌞

Flotte, store og søte villbringebær. 

Resten av dagen har vi stort sett tilbrakt nede i moloen. Heilt ytterst på moloen var den beste plassen i dag, der varm fønvind gjorde det bra behageleg.


So varm var det i dag, at både mams og paps måtte uti for å kjøle seg ned eit hakk. Dette vart dermed årets første dukkert. Cerina var sjølvsagt uti `og, men langt frå hennar første bad i år 🏊




Krabbeteina vi sette i går, drog vi i dag. 7 store krabber, gjorde at kveldsen var sikra. Med loff og majones, inntok vi eit godt krabbemåltid i naustet kl.20.30 i heile 27 varme °c.







Ein ny, fantastisk flott sommardag på hytta. Og varmen holdt seg utover kvelden. Då vi fann senga ved midnatt, viste termometeret fortsatt 25°c 😅



















28 juli 2018

Varmt, måneformørkelse og UFO

Som det vart spådd, dagen i dag vart heit 😰 For når termometeret nærma seg 35°c vart det nesten ikkje leveleg oppe ved hytta. Godt er det å ha ein båt, og ein tur på sjøen gjorde godt.

Hot 😰😨


Fint på sjøen og litt avkjølande 😓

Litt tid tok det før vi fann månen i kveld. Men den dukka omsider opp, då den totale formørkelsen var over.
Og UFOen kom farande ved midnatt, der den sveva lysande på himmelen, før den gradvis slokna. To gonger gjentok dette seg, før den forsvant. 😨

Månen på veg tilbake etter formørkelsen. 

Fantastisk kveld i kveld, temperaturen var 20°c ved midnatt, vindstille og fullmåne 🌕

I tillegg har vi vore i Askvoll i dag. Markus lærekøyrde ut, og blir hos Franka i helga. Vi har fått helse på Franka's mor.




27 juli 2018

Tropevarme på hytta

Den vil ingen ende ta, denne fantastiske sommaren 🌞
I dag kom vi på hytta, med sol frå klår himmel. Så varmt vart det i hytteveggen, at vi måtte "flykte" ut på sjøen 💦

Her er frå Stavang kl.20.30 i kveld, då eg var ute og bunkra litt drivstoff.

Og morgondagen, pluss lørdag, er spådd til å bli sommarens varmaste dagar. Om temperaturmålaren vil bikke 30°c her ute ved fjorden, gjenstår å sjå 😥

22 juli 2018

Mørkare kveldar

Sommaren bikkar desverre feil veg no, og kveldane er blitt merkbar mørkare enn vi hadde ved jonsoktider.
Ekstra tungt og mørkt var det i natt, då skodda la seg nesten ned i fjorden ☁ og det var litt regn i lufta. Vi får tru det berre er forbigåande.


21 juli 2018

Ferietid

Sommaren har vore lang i år, der vi dei to siste månadane har bada i sol og varme. 30 dagar med tropesommar til no, seier sitt. 😥
No har både Tone og eg starta ferien, og vi får tru og håpe at findagane fortsetter.
I dag tok eg turen på hytta, medan mams og Cerina reiste på Vona og plukka molter. 🍑Fangsten vart 5 kg med dei oransje bæra.
Tacoen hadde Markus laga ferdig, då bærplukkarane kom heim.
Her ute ved fjorden har eg plukka makrell ut av garnet, men håper ein blank ein dukkar opp i natt. 🐟

Ut på tur, aldri sur 😀 



16 juli 2018

Snart ferie😎

For ein sommar vi har hatt! To månader med sol og varme allerede, og ferien er enno ikkje starta. Tre vakter igjen på jobb, og fire gode veker venter oss👍
I kveld har vi teke turen på hytta att, Cerina, mams og papps. Godt og varmt, nærma seg 30°C i dag, og same været er meldt til i morgon. Seinvakta venter i morgon, men ferien nærmar seg med stormskritt😎😎

08 juli 2018

Besøk og nytt inngangsparti ved anekset

Jostein og Ingunn tok sin årlige tur på hytta denne helga. Jostein hadde også denne gongen litt arbeidslyst, så vi tok turen til Stavang og handla litt matrial 🔨
Med flott jobbevær vart inngangspartiet ved anekset oppgradert, og ein kjem seg no trygt inn døra etter nokre øl 🍻
Kletørkestativet måtte `og finne seg i å bli flytta litt på ☺





Mat må arbeidsfolket ha. Og kva 
er vel bedre enn steikt aure og 
lyr, som nettopp er dregen opp frå fjorden.





05 juli 2018

Sommaren på hytta tek ingen ende ...




I går hadde vi elektriker gåande her i 5-6 timar. 🔌Nye sikringar i sikringsskåpet, nye kontaktar både inne og ute, fiksa termostat på badegolvet og ikkje minst lagt inn straum i anekset 🏠

Ein kjapp tur heim i går, og utatt på hytta etter jobb i dag, mams og meg 💖 Fortsatt sol, heitt og godt😎

Markus jobbar og passer hus og kattar, ilag med Franka ☺

Cerina og Eline kosar seg i varmen austaføre, nærmare bestemt Fredrikstad, med Svensketur og Allsang på Grensen 😨


02 juli 2018

Flotte sommerdager

Litt fram og tilbake på hytta dei siste dagane, der vi har vore litt her og litt der. Fredag-lørdag og søndag-mandag var det berre eg og mams som nytte sol og sommer 😎 på hytta.
Tone har jobba, difor litt fram og tilbake. Markus har hatt besøk av Franka i helga, medan Cerina har planlagt tur med Eline, og har pakka til ferie.

Fullmåne og stille sjø i moloen ved midnatt.

Fine dagar og kveldar.

God klestørk i sommervarmen.

Ut på tur, aldri sur😀
Cerina og Eline reiste på tur på søndag. Først på besøk til Stine i Årdal, før dei vender nasen til Fredrikstad, med hotelferie i fire dagar😎

Hmm... ein blank fisk på 5 kg hadde rota seg inn i garnet, så då måtte vi berre redde den, sjølvsagt 🐟😁





29 juni 2018

Sommaren på veg tilbake

Markus og eg kom ut på hytta i ettermiddag, der Markus var sjåfør. Han er foresten blitt veldig flink bak rattet no, og lappen er nok ikkje langt unna 🚘
Cerina og mams kom ut på hytta i går kveld, og Cerina hadde sin obligatoriske tur til Stavøya og hundebesøk i dag 🐶

Etter nokre dråpar med regn midt på dagen i dag, klarna det kjapt oppatt i ettermiddag. Kvelden vart fin, med sol frå klår himmel.

No sit eg åleine og nyt eit glas vin. Dei andre drog heim etter VM kampen Belgia-England (1-0). Markus og mams skal på arbeid i morgon, Cerina skal kose seg heime åleine med ein eller anna serie😀

Klargjort for ein ny soldag og utevær i morgon 👍

Fint i kveld kl.23.30

Og slik ser værmeldinga ut for den neste veka. Det betyr at sommaren er på veg tilbake 🌞🌞






18 juni 2018

Slutt på godværet

Då var det slutt på sommarværet for denne gongen. Med finvær over ein månad i strekk, må vi vel være nøgde 🌞
I natt (til torsdag 14.juni) var eg utom og rydda inn det som ikkje tåler regnet og vinden som kjem, og på sjøen og tok inn krabbeteine og sniksnøre.
Bilda er teke ved midnatt🌛

Stille før stormen .....





02 juni 2018

Tropevarme

Vi kom på hytta i kveld, og finværet held fram. Dei to siste dagane i mai passerte gradestokken 30°c, så det har vore skikkeleg sydenstemning på stranda heime.
Litt kjøligere i dag, ikkje meir enn 28°c 😀
Godt å kome på hytta, rolig og stille, og ikkje minst litt "luft under vingene" når sola steiker 🌞😰


God natt frå anekset 😴
Greit å sovne og våkne opp 
til slik utsikt 🌜🌞