13 august 2018

Ein sommar er (snart) over ....

Enno har vi ei veke att av sommarferien, og vi nyt nokre fine dagar på hytta igjen. Men dei varme sommardagane vi hadde tidligare i sommar, er borte vekk.
Nokre fine dagar hadde vi i Trondheim sist veke, då Markus innlosjerte seg på hybel i "bartebyen" og med ny sveis til start på NTNU.

Tøffaste karen i Trondheim ☺

I dag sjøsette vi den nye båten vår, og har brukt mykje av dagen til å testa den ut. 
Godkjent 👍
Elles har Gunnvor vore utom på besøk i dag, og Tone har laga kortreist og sjølvfiska middag. Både lyr og aure stod på menyen ☺

Cerina i farta 😀

Gjengen på tur 😀