28 april 2018

Sol og fuglekvitter

Etter ei god natts søvn, er det fantastisk å våkne til sol og blikk stille sjø, og yrande fuglekvitter 🐦


Båten måtte ausast i dag, etter fleire dagar med regn ....


.... lauet sprett fort i slikt vær 🌞


Cerina ville heim og besøke Tina og Sofia i dag. Difor vart det ein liten stopp heime for meg, med Liverpool-kamp ilag med Markus.

På veg utatt på hytta gjekk eit titals hjortar og beita på dei grøne bøane.


.... Cerina "sitt tre" ....


Kvitveisen og påskeliljene blomstrer om kapp i fineværet i dag 🌞🌼


Over 200 påskeliljer i år `og.


Utsiktsposten 


Stien ned til naustet vart "pussa litt opp" i kveld.


Årets første svartsnegel vart observert i kveld 😨


Nok ein fin dag på hytta er over.












Gullbryllaupsdag på Tyvoldneset

Eit lite tilbakeblikk: Ikkje kvart år vi har gullbryllaup-jubilanter som feirer dagen sin på hytta vår.
23.mars 2018 feira Jostein og Ingunn den store dagen på hytta, der berre spesiellt inviterte gjester fekk delta i feiringa 😀


27 april 2018

Då er vi her ..... igjen!

Nok ein tur på hytta. Cerina og paps kom utover i kveld, akkurat tidsnok til å rekke "Norske Talenter" ☺
Pizzadeigen vart sett i full fart og litt gufse kjølig i hytta, gjorde at vi måtte fyre litt med ved i kveld.


Nok pizza til to her 😀

Ikkje heilt sommer enno, so nokon pinnar i peisen måtte til i kveld.

Graset er blitt grønare sidan sist helg, og det er like før bjørka sprett.








20 april 2018

Då er vi her igjen !

Då har vi teke turen på hytta att, og kom ut i kveld etter at vi var ferdig på skule og jobb.
I motsetning til sist helg, med sol og sommertempratur, var ikkje været like fint i dag. Skodda låg heilt ned i Brufjorden, og gradestokken viste ikkje meir enn 11,5 °c.

Men som de ser har påskeliljene sprutte ut, og graset er blitt grønare sidan sist.
Cerina har teke sin faste joggerunde, og vi har kosa oss med pizza og "Norske talenter" ☺


16 april 2018

Til Stavøya på hundebesøk

Cerina brukte søndagen på det ho liker aller best her i verden: hund ☺
I fem strake timar var ho på besøk på Stavøy, der Bretong-tispene til Svein hadde fått nesten eit dusin kvelper.



Det var kanskje ikkje den varmaste dagen i dag, men det vart i allefall den vindstillaste. Med spegelblank fjord utan eit vindpust, måtte eg berre i båt og ut på sjøen.












15 april 2018

Årets fyrste tur på fjorden

Vi våkna til nok ein sommardag, og båten vart sjøsett kl.11.25 ☺... og vi var klar for årets første fisketur.


Stille og fint på sjøen, og skipperen har full kontroll!

På veg rundt holmen.


To fine torsker vart fangsten i dag. Sløying og filetering og klargjering til middag.

Ferskare og meir kortreist middag er det vanskeleg å få ...

Medan vi ser fram til nok ein fin dag, nyt vi kvelden med utsikt til ein spegelblank fjord.



14 april 2018

Båtpuss i sommarvarme!

Sommarvarmen 🌞 kom brått og godt, og noko av den fine dagen har gått til skraping og pussing av den steike flotte båten vår.
Planlagt sjøsetting: i morgon⛵


Gradestokken viser her knappe 18 grader i skuggen, men var faktisk nærmare 19 på det varmaste i dag. Ikkje verst til å være fredag 13. april.


Til og med humla 🐝 torde seg ut frå dvalen når sommarvarmen kom i dag .......


..... og kvitveisen nedi bakken jubla for sol og varme.....


..... og god tørk for nykløyvd ved ....



13 april 2018

Endeleg vår!

Etter ein lang og kald vinter, ser det ut som våren endeleg har komen. Og, komen for å bli. Med mange fine dagar allerede, og med fine utsikter framover, kan sol og varmegrader nytast på hytta i helga.
Bilde frå bilturen utover i kveld ser du under.



Mykje hjort var å sjå på bøane og langs vegen på køyreturen ut til hytta i kveld.

08 april 2018

Gråværsdag

Ikkje alle dagar er det sol og blå himmel på hytta heller. I dag er ein slik dag, noko grått og disigt.


Men fint å være her lell, og ein liten luftetur har vi vore på i dag `og, og god mat har vi nok av ☺



Medan vi venter

Sjølv om hytta har vore brukt både titt og ofte i vinter, kjem ein ikkje frå at den verkelege sesongen er frå no og framover. Med bilder av godvær og fine opplevelser kan då være på sin plass.







Hei igjen ... lenge sidan sist!

Etter ein lang, lang pause (og ein nesten gløymd blogg) tenker eg at eg bles litt liv att her.
Vi er no komen til året tjueatten, du verden som tida fyk.
Hytta er fortsatt ein fristad for mange av oss, og blir brukt minst like flittigt som før. Ingen plass er vel så godt å kome, som til fredens perle på jord. Berre fantastisk, heilt fantastisk!

Årets påske er nettopp ferdig, der snø, ski og toppturer har vore langt utafor min tankeradius. Velbekome til dei som ynskjer det, men for meg er denne tida ei lengting etter snøfrie dagar langt frå snøen som fall sist vinter.
Og årets påske vart litt av ein påske, med eit vær som kom som bestillt til denne gule veka. Og sjølvsagt vart store deler av høgtidsveka tilbragt på Tyvollneset, med sol i lange baner frå knall-knall blå himmel. Og sjølvsagt fine solnedganger ☺