13 august 2018

Ein sommar er (snart) over ....

Enno har vi ei veke att av sommarferien, og vi nyt nokre fine dagar på hytta igjen. Men dei varme sommardagane vi hadde tidligare i sommar, er borte vekk.
Nokre fine dagar hadde vi i Trondheim sist veke, då Markus innlosjerte seg på hybel i "bartebyen" og med ny sveis til start på NTNU.

Tøffaste karen i Trondheim ☺

I dag sjøsette vi den nye båten vår, og har brukt mykje av dagen til å testa den ut. 
Godkjent 👍
Elles har Gunnvor vore utom på besøk i dag, og Tone har laga kortreist og sjølvfiska middag. Både lyr og aure stod på menyen ☺

Cerina i farta 😀

Gjengen på tur 😀






29 juli 2018

Villbringebær, krabbe og bading

Det vart nok ein dag der gradestokken viste over 30°c. Heldigvis vart det litt meir skya i dag, men alikevel heitt nok 😰
Det er utrulig mykje villbringebær i år, store og søte. I dag plukka vi ca 5 kg på kort tid, før sola tok til å steike🌞

Flotte, store og søte villbringebær. 

Resten av dagen har vi stort sett tilbrakt nede i moloen. Heilt ytterst på moloen var den beste plassen i dag, der varm fønvind gjorde det bra behageleg.


So varm var det i dag, at både mams og paps måtte uti for å kjøle seg ned eit hakk. Dette vart dermed årets første dukkert. Cerina var sjølvsagt uti `og, men langt frå hennar første bad i år 🏊




Krabbeteina vi sette i går, drog vi i dag. 7 store krabber, gjorde at kveldsen var sikra. Med loff og majones, inntok vi eit godt krabbemåltid i naustet kl.20.30 i heile 27 varme °c.







Ein ny, fantastisk flott sommardag på hytta. Og varmen holdt seg utover kvelden. Då vi fann senga ved midnatt, viste termometeret fortsatt 25°c 😅



















28 juli 2018

Varmt, måneformørkelse og UFO

Som det vart spådd, dagen i dag vart heit 😰 For når termometeret nærma seg 35°c vart det nesten ikkje leveleg oppe ved hytta. Godt er det å ha ein båt, og ein tur på sjøen gjorde godt.

Hot 😰😨


Fint på sjøen og litt avkjølande 😓

Litt tid tok det før vi fann månen i kveld. Men den dukka omsider opp, då den totale formørkelsen var over.
Og UFOen kom farande ved midnatt, der den sveva lysande på himmelen, før den gradvis slokna. To gonger gjentok dette seg, før den forsvant. 😨

Månen på veg tilbake etter formørkelsen. 

Fantastisk kveld i kveld, temperaturen var 20°c ved midnatt, vindstille og fullmåne 🌕

I tillegg har vi vore i Askvoll i dag. Markus lærekøyrde ut, og blir hos Franka i helga. Vi har fått helse på Franka's mor.




27 juli 2018

Tropevarme på hytta

Den vil ingen ende ta, denne fantastiske sommaren 🌞
I dag kom vi på hytta, med sol frå klår himmel. Så varmt vart det i hytteveggen, at vi måtte "flykte" ut på sjøen 💦

Her er frå Stavang kl.20.30 i kveld, då eg var ute og bunkra litt drivstoff.

Og morgondagen, pluss lørdag, er spådd til å bli sommarens varmaste dagar. Om temperaturmålaren vil bikke 30°c her ute ved fjorden, gjenstår å sjå 😥

22 juli 2018

Mørkare kveldar

Sommaren bikkar desverre feil veg no, og kveldane er blitt merkbar mørkare enn vi hadde ved jonsoktider.
Ekstra tungt og mørkt var det i natt, då skodda la seg nesten ned i fjorden ☁ og det var litt regn i lufta. Vi får tru det berre er forbigåande.


21 juli 2018

Ferietid

Sommaren har vore lang i år, der vi dei to siste månadane har bada i sol og varme. 30 dagar med tropesommar til no, seier sitt. 😥
No har både Tone og eg starta ferien, og vi får tru og håpe at findagane fortsetter.
I dag tok eg turen på hytta, medan mams og Cerina reiste på Vona og plukka molter. 🍑Fangsten vart 5 kg med dei oransje bæra.
Tacoen hadde Markus laga ferdig, då bærplukkarane kom heim.
Her ute ved fjorden har eg plukka makrell ut av garnet, men håper ein blank ein dukkar opp i natt. 🐟

Ut på tur, aldri sur 😀