29 juni 2018

Sommaren på veg tilbake

Markus og eg kom ut på hytta i ettermiddag, der Markus var sjåfør. Han er foresten blitt veldig flink bak rattet no, og lappen er nok ikkje langt unna 🚘
Cerina og mams kom ut på hytta i går kveld, og Cerina hadde sin obligatoriske tur til Stavøya og hundebesøk i dag 🐶

Etter nokre dråpar med regn midt på dagen i dag, klarna det kjapt oppatt i ettermiddag. Kvelden vart fin, med sol frå klår himmel.

No sit eg åleine og nyt eit glas vin. Dei andre drog heim etter VM kampen Belgia-England (1-0). Markus og mams skal på arbeid i morgon, Cerina skal kose seg heime åleine med ein eller anna serie😀

Klargjort for ein ny soldag og utevær i morgon 👍

Fint i kveld kl.23.30

Og slik ser værmeldinga ut for den neste veka. Det betyr at sommaren er på veg tilbake 🌞🌞






18 juni 2018

Slutt på godværet

Då var det slutt på sommarværet for denne gongen. Med finvær over ein månad i strekk, må vi vel være nøgde 🌞
I natt (til torsdag 14.juni) var eg utom og rydda inn det som ikkje tåler regnet og vinden som kjem, og på sjøen og tok inn krabbeteine og sniksnøre.
Bilda er teke ved midnatt🌛

Stille før stormen .....





02 juni 2018

Tropevarme

Vi kom på hytta i kveld, og finværet held fram. Dei to siste dagane i mai passerte gradestokken 30°c, så det har vore skikkeleg sydenstemning på stranda heime.
Litt kjøligere i dag, ikkje meir enn 28°c 😀
Godt å kome på hytta, rolig og stille, og ikkje minst litt "luft under vingene" når sola steiker 🌞😰


God natt frå anekset 😴
Greit å sovne og våkne opp 
til slik utsikt 🌜🌞