02 juli 2011

Hipp,hipp hurra!


17.mai feiring på hytta i år. Mykje god mat, fisketur i solskinn. Frå sjøen såg vi også årets 17.mai-tog i Svortevika! Om vi kosa oss? JA!

Juli-sol


Første dag i juli blir avslutta med flott farge-spel mot vest.

26 juni 2011

Svaberg!


Svaberga ved nausta.

Fisketur 2


Lite fisk og få, men vi koser oss på sjøen alikevel! Fine-været er på hell og skyene sig innover.

Fisketur


Endelig litt sommer på hytta igjen.

12 februar 2011

Peiskos på hytta!

Etter arbeid og skule pakka vi saman det vi trengde av mat og anna, og sette kursen ut fjorden for den fyrste hytteturen i år. Ikkje heilt den fyrste, forresten. Husbonden hadde tidlegare på året vore utom ein dag og sett til "godset", men denne gongen var det skikkeleg tur der vi alle skulle tilbringe helga i vår andre heim!



Med skyfri himmel, og med sola som laga ein fantastisk fargespel i horisonten mot vest, var det reine kunstverket vi hadde som fyljesven på veg mot hytta. Og når vi visste at været skulle verte det same i neste morgon, berre gleda vi oss til det.
Sjølv om temperaturen ute såvidt bikka 0 grader ved ankomst, var det lunt og triveleg inne i hytta. Sjølv om litt varme som hadde stått på, var det nok dagens solskinn som hadde gjort det meste av oppvarminga i dag.

Å sette seg ned framfor ein knitrande peis med medbrakt og etterkvart temperert raudvin, ja då er det berre deiligt å vite at helga berre såvidt er starta.

Å tenke at dette er fyrste hytteturen av året er berre heilt fantastisk, når vi veit kor mange slike turar vi får i år ......... :)