31 mai 2010

30 mai 2010

Sommaren komen ?





Gradestokken passerte 20 på hytta i dag...! Er sommaren endeleg komen? Vi har lov å håpe.

Fiskarane


To stolte fiskarar har sikra oss middag :-)

Fine dagar på hytta

Enno sol på holmen, seine kvelden.

Nok ein fin dag på hytta går mot kveld.

Med sol frå nesten skyfri himmel, har vi desse dagane her ute fått ein liten smak på kva som vi forhåpentlegvis kan vente oss framover. Fine dagar i solveggen med havet som utsikt er ikkje å forakte. Ta med fiskestonga i båten og reise midtfjords klokka ni-ti om kvelden, for å prøve fiskelykka og varme oss i dei siste solstrålane, let seg høyre :)