29 juli 2018

Villbringebær, krabbe og bading

Det vart nok ein dag der gradestokken viste over 30°c. Heldigvis vart det litt meir skya i dag, men alikevel heitt nok 😰
Det er utrulig mykje villbringebær i år, store og søte. I dag plukka vi ca 5 kg på kort tid, før sola tok til å steike🌞

Flotte, store og søte villbringebær. 

Resten av dagen har vi stort sett tilbrakt nede i moloen. Heilt ytterst på moloen var den beste plassen i dag, der varm fønvind gjorde det bra behageleg.


So varm var det i dag, at både mams og paps måtte uti for å kjøle seg ned eit hakk. Dette vart dermed årets første dukkert. Cerina var sjølvsagt uti `og, men langt frå hennar første bad i år 🏊




Krabbeteina vi sette i går, drog vi i dag. 7 store krabber, gjorde at kveldsen var sikra. Med loff og majones, inntok vi eit godt krabbemåltid i naustet kl.20.30 i heile 27 varme °c.







Ein ny, fantastisk flott sommardag på hytta. Og varmen holdt seg utover kvelden. Då vi fann senga ved midnatt, viste termometeret fortsatt 25°c 😅



















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar