21 juli 2018

Ferietid

Sommaren har vore lang i år, der vi dei to siste månadane har bada i sol og varme. 30 dagar med tropesommar til no, seier sitt. 😥
No har både Tone og eg starta ferien, og vi får tru og håpe at findagane fortsetter.
I dag tok eg turen på hytta, medan mams og Cerina reiste på Vona og plukka molter. 🍑Fangsten vart 5 kg med dei oransje bæra.
Tacoen hadde Markus laga ferdig, då bærplukkarane kom heim.
Her ute ved fjorden har eg plukka makrell ut av garnet, men håper ein blank ein dukkar opp i natt. 🐟

Ut på tur, aldri sur 😀 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar