28 april 2018

Sol og fuglekvitter

Etter ei god natts søvn, er det fantastisk å våkne til sol og blikk stille sjø, og yrande fuglekvitter 🐦


Båten måtte ausast i dag, etter fleire dagar med regn ....


.... lauet sprett fort i slikt vær 🌞


Cerina ville heim og besøke Tina og Sofia i dag. Difor vart det ein liten stopp heime for meg, med Liverpool-kamp ilag med Markus.

På veg utatt på hytta gjekk eit titals hjortar og beita på dei grøne bøane.


.... Cerina "sitt tre" ....


Kvitveisen og påskeliljene blomstrer om kapp i fineværet i dag 🌞🌼


Over 200 påskeliljer i år `og.


Utsiktsposten 


Stien ned til naustet vart "pussa litt opp" i kveld.


Årets første svartsnegel vart observert i kveld 😨


Nok ein fin dag på hytta er over.












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar