08 april 2018

Hei igjen ... lenge sidan sist!

Etter ein lang, lang pause (og ein nesten gløymd blogg) tenker eg at eg bles litt liv att her.
Vi er no komen til året tjueatten, du verden som tida fyk.
Hytta er fortsatt ein fristad for mange av oss, og blir brukt minst like flittigt som før. Ingen plass er vel så godt å kome, som til fredens perle på jord. Berre fantastisk, heilt fantastisk!

Årets påske er nettopp ferdig, der snø, ski og toppturer har vore langt utafor min tankeradius. Velbekome til dei som ynskjer det, men for meg er denne tida ei lengting etter snøfrie dagar langt frå snøen som fall sist vinter.
Og årets påske vart litt av ein påske, med eit vær som kom som bestillt til denne gule veka. Og sjølvsagt vart store deler av høgtidsveka tilbragt på Tyvollneset, med sol i lange baner frå knall-knall blå himmel. Og sjølvsagt fine solnedganger ☺




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar